Vestlandske Folkekunstlag logo
Kurs

Tredreiing av turkopp

Dette er eit kurs for deg som har dreia litt før og har nytta dreiejern til å skjæra med, og kjenner på at ein skulle prøvd noko meir enn «rund- dreieting», er dette noko for deg. Det kan bli organisert felles transport - Gi beskjed om du trenger transport.

  • StedVesttun Gard, Løelofte
    Austrheimsvegen 883, 5943 Austrheim
  • Undervisningstid2 påfølgende lørdager kl 10:00 - 16:00
    2 ganger
  • Siste kursdag-
  • Pris2100 kr
    På forespørsel

Kursinnhold: Mål: Visa dreiing av turkoppar med hank Metode: Bruk av modellar og gjenstandar. Tips og triks etter kvart som dei dukkar opp. Innhald: Dreiing på fri ende og om - • Utstyr • Sliping • Skjæreteknikk • Oppspenning • Val av emne • Overflatebehandling Unn deg ein opptur med ei turkoppdreiing, og bruk den på ein topptur ! Kursleder: Mathias Sætre I arbeidssamanhang har eg jobba 40 år i skulen, og vore innom Barne og ungdomsskule, Folkehøgskule og lengste tida i Vidaregåande skule som faglærar i teikning form og farge. Opp gjennom åra har eg hatt kurs i rosemaling og treskjæring. Eg kjenner og til ulike teknikkar i tredreiing. I skulesamanheng og jobba ein del med sveiping og kolrosing. Dei siste åra har ein i samarbeid med det lokale sanitetslaget arrangert ein del kurs i småsløyd og tredreiing for born og vaksne heime på garden. Kurset er i Austrheim, på garden der eg bur. «Løeloftet» er ein fullt utstyrt sløydsal på løa. Målgruppe for kurset: Alle som ønsker å lære mer om tredreiing