Vestlandske Folkekunstlag logo
Kurs

Fletting av sponkorger

Vi tilbyr kurs i fletting av tradisjonelle korger av høvla furuspon.  Fururspon har tradisjonelt vore mykje brukt til korger, og spon har vore delt for hand og høvla med høvel.

  • StedAmbrosiahuset på Hordamusset
    Hordnesvegen 24, 5244 Fana
  • UndervisningstidFredag kl 18:00 - 21:00, lørdag og søndag kl 10:00 - 18:00
    1 helg
  • Siste kursdag01.12.2024
  • Pris2500 kr
    Ledige plasser

I Norge har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typer korger i splitta materialer. Sponkorger av furuspon har det vore lange tradisjoner for over store deler av landet. Sponkorger har vore laga både i reven spon og seinare høvla spon. De i to typene har ganske forskjellige kvaliteter, men tar utganspunkt i same materiale. Bearbeidinga av reven furuspon gjeres for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Mens høvla spon høvler ein enten med ein handhøvel eller maskinell høvel. Deltakerne vil lære å splitte og bearbeide materiale for hand og lager alt materiale til egne korger. Vi fletter korg i maskinhøvla spon. På denne korga skal vi lage kanter i reven spon og eventuelt handtak for dei som ynskjer det. Det går raskt å flette med høvla spon, men å rive spon til kanter krever meir tid. Det gjer til gjengjeld korgene utruleg stabile og holdbare! Hege Iren Aasdal Eg er utdanna korgmakar hjå Skovstuen Pil og er no stipendiat for Norsk Handverksinstitutt frå 2020 til 2023. Eg er spesielt opptatt av tradisjonelle korger laga i lokale materialar og har vore med på fleire prosjekt gjennom Norsk Handverksinstitutt med å gjenskape korger som ingen lenger kan lage. Eg fordjuper meg no i dei forskjellige korgene som tradisjonelt har vore laga i Norge og Norden. Korgmakaryrke er eitt av verdens eldste yrke, då mennesket alltid har trengt noko å oppbevare å bære ting i. Kunnskapen om materiale, hausting og foredling samt fletting er nesten gløymd kunnskap, det ynskjer eg bidra med å ta vare på og vidareformidle. Mange av dei tradisjonelle korgene er laga i splitta materiale, og det er dette eg setter søkelys på i stipendiatperioden. Det er fantastisk å sjå mangfaldet i teknikkar og materialar brukt i den nordiske korgtradisjonen!