Om hasselkorger:
Hassel er eit treslag som er mykje brukt til korger. Den er smidig og god å jobbe med, og ganske enkel å finne lange jamne material. Det finnes forskjellige utførelser av hasselkorger, men den typen eg underviser i her, som tradisjonelt er laga i Sverige er utruleg fin og hendig utgave. Korgene vert utruleg lette og sterke, og vakre!

Tidspunkt: 6- 8 oktober
fredag 18.00 til 21.00 og fortsetter Lørdag og søndag kl. 09.00 til 15.00.
Sted: Ambrosiahuset på Hordamuseet.
Varighet: 15 timar
Kurspris: 2000,-
Antal deltakere : maks 6 stk
Emne kjøpes av lærer
Påmeldingsfrist: 29 september
Hege Iren Aasdal
Eg er utdanna korgmakar hjå Skovstuen Pil og er no stipendiat for Norsk Handverksinstitutt frå 2020 til 2023.
Eg er spesielt opptatt av tradisjonelle korger laga i lokale materialar og har vore med på fleire prosjekt gjennom Norsk Handverksinstitutt med å gjenskape korger som ingen lenger kan lage. Eg fordjuper meg no i dei forskjellige korgene som tradisjonelt har vore laga i Norge og Norden.
Korgmakaryrke er eitt av verdens eldste yrke, då mennesket alltid har trengt noko å oppbevare å bære ting i. Kunnskapen om materiale, hausting og foredling samt fletting er nesten gløymd kunnskap, det ynskjer eg bidra med å ta vare på og vidareformidle. Mange av dei tradisjonelle korgene er laga i splitta materiale, og det er dette eg setter søkelys på i stipendiatperioden.
Det er fantastisk å sjå mangfaldet i teknikkar og materialar brukt i den nordiske korgtradisjonen!